Velkommen til Djuvik Camping

thumb_bilde_133.jpg

Djuvik Camping ligg fint til ved Sognefjorden,  no også på Verdsarvlista. Plassen ligg langs riksveg 13, mellom Vik sentrum og  Vangsnes.  

Djuvik Camping har 22 campinghytter av ulik standard og storleik. Vi har også telt-, caravan-, og bubilplassar med mogelegheit for straumtilkopling. Sanitæranlegg med god standard, og eige handikap-rom. Båt-utleige og båthamn for småbåtar.
I tillegg til gode fiske og badetilhøve i Sognefjorden, er det  eit fint utgangspunkt for fotturar i skog og fjellområde.

Du kan og nytta deg av dagsturar med båt på Sognefjorden til Fjærland, der kan du vitja Norsk Bremuseum, eller til Flåm og Bergen. I Vik finn ein Hopperstad stavkyrkje og Hove steinkyrkje frå ca. år 1100. Kristianhus Båtmotormuseum, ei rik samling av gamle båtmotorar, julebutikk der dei lagar julepynt av ymse slag, gullsmed som lagar bunadsylv m.m. Deler av Vikøyri er som ein ”landsby” med eldre freda bygningar i sentrum. I Vik sentrum er også det einaste gamalostysteriet i landet. Laksefiske i Vika-elva 5 km i frå plassen.  

Velkommen til spennande naturopplevingar hjå oss.

bilde026.jpg

p8130033.jpg




Sist oppdatert ( laurdag 18. august 2007 )
 

 Norsk | English | Deutch 

Open: 1. mai - 30. september.

Kontaktinfo

Telefon:  +4757696733 / +4791141878
Faks: +4757696744
Adresse: N-6894 Vangsnes
E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadressar. Du må aktivera javascript for å kunne sjå adressa.

Les meir om området

Kartkart.gif 














Djuvik Camping er tilslutta NAF Camp